VekstSporet: Nytt verktøy for vekst i lokale verksemder
- Nh-Ullensvang

- 1. okt.
- 2 min lesing
Oppdatert: 2. okt.
Tysdag og onsdag i førre veke deltok Amanda og Christel frå Næringshagen i Ullensvang, saman med Bente Marie Sjo frå Kvinnherad Næringsservice, på kurs i VekstSporet – eit verktøy utvikla av Rogaland Ressurssenter og Næringshagen i Ryfylket for SIVA og Næringshagene i Noreg.
Kurset gav oss både fagleg påfyll og praktisk trening i korleis vi kan bruke samtaleverktøyet VekstSporet i møte med verksemdene våre. Det var inspirerande å lære meir om metodikken, og vi ser fram til å ta dette i bruk i regionen.
Kva er vekst?
Når vi snakkar om vekst i bedrifter, kan det handle om fleire ulike retningar. Den mest vanlege er organisk vekst, der verksemda utviklar seg innanfor sitt eksisterande forretningsområde – til dømes gjennom å få fleire kundar, betre produkt eller meir effektiv drift. Vekst kan definerast gjennom åtte områder, som modeller under viser:

I Vekstsporet blir bedriftene oppmoda til å sjå på fleire scenario for vekst, som nye marknader, fleire tilsette, styrka sal og marknadsføring, auka kompetanse, internasjonalisering eller å utvikle nye produkt og tenester. Poenget er å bli bevisst kva type vekst som passar best for akkurat di verksemd – og kva tiltak som kan setjast i verk for å oppnå det.
Kva er Vekstsporet?
Vekstsporet er laga for å hjelpe små og mellomstore bedrifter med å kartleggje ståstad, bevisstgjere moglegheiter og finne konkrete tiltak for vekst. Verktøyet byggjer på at alle bedrifter har eit uforløyst potensial – og gjennom strukturerte prosessar kan vi saman identifisere kva som skal til for å skape vidare utvikling.
Metodikken består blant anna av såkalla veksttavler, som ser nærare på område som leiing, strategi, produkt- og tenesteutvikling, sal og marknadsføring og internasjonalisering. Gjennom gode samatalar med desse verktøya i botnen, får verksemda eit tydelegare bilete av styrkar, utfordringar og nye moglegheiter.
Kva betyr dette for næringslivet lokalt?
For oss i NHU og Kvinnherad Næringsservice betyr dette at vi no kan tilby eit enda meir målretta verktøy til verksemdene som ønskjer å utvikle seg vidare. Enten det handlar om å styrke marknadsarbeidet, utforske nye produkt eller strukturere vekstplanlegginga, kan Vekstsporet vere ein verdifull prosess.
Vi gler oss til å ta i bruk verktøyet saman med lokale bedrifter – og til å bidra til vekst og utvikling i heile Ullensvang og Kvinnherad. Ta gjerne kontakt og avtal eit uforpliktande møte om du ønskjer å vite meir.











Kommentarer