Velkomen, Hans Inge!
- Nh-Ullensvang

- 2. sep.
- 1 min lesing
I går starta Hans Inge Myrvold frå Kvinnherad i jobben som ny dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang – og me er kjempeglade for å ha han med på laget!
Hans Inge har mykje erfaring å ta med seg inn i rolla. Han har vore ordførar i Kvinnherad, han har representert Senterpartiet på Stortinget, og han har òg drive eigen bedrift. Med andre ord: Han kjenner både næringslivet og politikken frå innsida – ein kombinasjon som blir gull verdt for næringshagen og regionen vår.
– Eg er både ydmyk og takksam for tilliten, og ser verkeleg fram til å bli betre kjent med næringslivet i Hardanger og regionen rundt, seier Hans Inge sjølv.

Han ser spesielt fram til satsinga med å inkludere Kvinnherad i næringshagen:– Dette er ein av dei mest verdiskapande regionane i landet. Å få bidra til vidare vekst, fleire arbeidsplassar og eit endå meir attraktivt bu- og arbeidsområde er eit privilegium, fortel han.
Fyrste arbeidsdag vart tilbrakt på Smelteverket i Odda, der han fekk helse på både nye kollegaer og dei andre i kontorfellesskapet.
Me i Næringshagen gler oss verkeleg til å sjå kva me kan få til saman framover.
Velkommen til oss, Hans Inge!











Kommentarer