Målbedriftsavtale
Me bryr oss om både deg og verksemda di, og kan bidra med forståing og innsikt i både moglegheitene og utfordringane du står ovanfor. Hjå oss i Næringshagen kan du som leiar få inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent sparringspartnar innan til dømes forbetringsprosessar, økonomi, marknadsføring, organisasjonsutvikling eller andre fagrelevante område. Med utgangspunkt i kjenneteikn ved bransjen, marknadene du opererer i og alt som er unikt ved akkurat di verksemd, kan me saman analysere nåsituasjonen, vurdere strategiske alternativ og leggje opp ein konkret, målstyrt handlingsplan. Eller kanskje noko heilt anna – til dømes om verksemda di har utfordringar av meir konkret karakter.

Uansett kva situasjonen er, så er vi her for deg. Ei rekkje engasjerte rådgjevarar i næringshagane i Hardanger, Ullensvang og på Voss står klare til å hjelpa deg og organisasjonen din. Ein eller fleire av oss held nemleg hus i ei bygd nær deg, og kjem meir enn gjerne på vitjing for å ta ein uformell kaffeprat – kontakt Anna i Næringshagen i Ullensvang for meir info!
Sjå HER for å se kem me allerie jobber med
Me tilbyr målbedriftsavtalar for etablert privat næringsliv. Som målbedrift inngår du eit gjensidig samarbeid med Næringshagen for å skapa vekst og utvikling i di bedrift.
Målbedriftsprogrammet tilbyr me i samarbeid med Næringshagen på Voss og Næringshagen i Hardanger, og du får tilgang på ressursane og arrangementa i alle tre næringshagar
Som målbedrift får du:
-
Situasjonsanalyse
-
Behovskartlegging med gjennomgang av status på verksemda og analyse av utviklingspotensial og/eller fokusområde
-
-
16 timar i året
-
Inntil 16 timar årleg bistand i form av rådgjevingstenester (i tillegg til situasjonsanalyse)
-
-
Rabatt på ordinær timepris
-
Moglegheit for særs god rabatt på ordinære timepris på tenester ut over målbedriftsavtalen
-
-
Prioriterte og rabatterte deltakarplassar på arrangement
-
Tilgang til næringshagane sine nettverk og samarbeidspartnarar
-
Samlokalisering
-
Marknadsføring på heimeside
Me tilbyr:
-
Fast kontaktperson i næringshagen
-
Tilgang på dei samla rådgjevarressursane i Næringshagane i Ullensvang, Hardanger og på Voss
-
Påverknadskraft på kva arrangement, seminar og kurs me held
-
Tilgang på arrangement hjå alle næringshagane
-
Tilgang på kompetanse og ressursar frå andre næringshagar i Norge
Me kan bistå med:
-
Strategi og forretningsutvikling
-
Produkt-, konsept- og tenesteutvikling
-
Marknadsføring og kommunikasjon
-
Etablerarhjelp ved nyskiping, mellom anna val av selskapsform- og struktur
-
Rettleiing ved søknad om støttemidlar frå til dømes næringsfond, Innovasjon Norge og SkatteFUNN
-
Økonomistyring og målfokus
-
Prosess- og prosjektleiing
-
Investorsøk
-
Netverkssamarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt
-
Kopling mot forsknings- og kompetansemiljø i samband med innovasjonsprosessar
-
Sparringspartnar
Årleg Deltakaravgift
Verksemd med inntil 5mnok i omsetnad
kr 11.500,-
Verksemd med inntil 20mnok i omsetnad
kr 16.500,-
Verksemd med over 20mnok i omsetnad
kr 22.000,-
Ordinær timepris
kr 1.300,-
Målbedrifter har moglegheit for særs god rabatt på ordinær timepris på tenester utover målbedriftsavtalen.