
Praktisk info
Yrkes- og utdanningsmessa samlar elevar, lærarar, bedrifter og opplæringsmiljø til ein dag full av praktiske demonstrasjonar, studieretningar og karrieremoglegheiter. For dykk som utstillar er dette ein unik sjanse til å synleggjere fag, utdanningsvegar og rekrutteringsbehov – og å møte dei som kan bli dykkar framtidige lærlingar eller medarbeidarar.
-
Program: Blir sendt ut til alle utstillarar nærare start.
-
Standplass: Fordelast etter bransje og plassbehov.
-
Innlasting: Nærare informasjon kjem i e-post før arrangementet.
Vi oppmodar verksemder frå alle bransjar, opplæringskontor, høgskular og organisasjonar til å delta. Messa blir lagt opp med aktivitetar og presentasjonar som gjer det lett å engasjere ungdomane.
Grunnpakke -
Grunnpakka
Kr. 4.000,-
Grunnpakka inkluderer eitt bord (ca 1.5x1.5m), tilgong til straum og internett, logo på deltakarlista og lunsj til inntil 4 standdeltakarar.
Ekstra bord: kr 630
Messehallen
Yrkes- og utdanningsmessa blir arrangert i Tyssohallen i Tyssedal. Hallen ligg om lag 10 minutt frå Odda sentrum med bil, og er lett tilgjengeleg både for utstillarar og besøkande.
Det er gode parkeringsmoglegheiter på området ved hallen.
Kven møter du på messa?
Yrkes- og utdanningsmessa samlar eit breitt spekter av deltakarar frå heile kommunen. I første pulje møter du elevar frå 10. klasse ved ungdomsskulane i Ullensvang og flyktningtenesta. I andre pulje kjem elevar frå vidaregåande skule og deltakarar frå vaksenopplæringa.
Mot slutten av dagen er messa også open for andre vaksne arbeidssøkjarar og personar som ønskjer å utforske nye utdannings- og karrieremoglegheiter. Dette gjer messa til ein viktig møteplass mellom arbeidsliv, utdanning og framtidige arbeidstakarar.
Har du spørsmål?
Ta kontakt:
-
Amanda Bjørnenak, 91695656, amanda@nhullensvang.no
-
Christel Kvamme, 45479095, christel@nhullensvang.no














