Møterom og kontorplass
.png)
Alle har tilgang til;
Wifi, fellesareal med kaffestasjon og lunsjrom, arbeidsplass i fleksibel arbeidssone, sosialt samvær og hendinger. Dedikert parkeringsplass kan være mogleg ved avtale.
Fonna Drop-in
gir deg høvet til å jobba i sosial sone når det er ledig. Nyt ein kopp kaffe mens du er innom for jobb.
Perfekt for korte arbeidsøkter, raske møter eller eit kreativt avbrekk i kvardagen. Ingen binding, ingen booking – berre set deg ned og kom i gong.
Fonna Basis
gir deg tilgang til kontorplass i ope landskap, fellesareal og høvet til å booka møterom etter behov. Du får og tilgang til printer og eit låsbart skap.
Ei perfekt løysing for deg som vil kombinera friheit med profesjonelle fasilitetar. Passar frilansarar, prosjektteam og dei som er ofte på farten.
Fonna Pluss
gir deg ein fast og dedikert kontorplass i ope landskap og sjølvsagt møterom. Du får alle tilganger, også 24/7.
Eit premium tilbod for deg som ønskjer konsentrasjon, kapasitet og fleksibilitet – og samtidig vil vera ein del av eit levande arbeidsmiljø midt i Odda.
Fonna Pro
gir deg ein fast og dedikert kontorplass i cellekontor og tilgang på alle møterom.
Her får du stabilitet, forutsigbarheit og eit inspirerande arbeidsmiljø med Sørfjorden rett utanfor vindauget. Perfekt for deg som vil ha ein trygg og profesjonell arbeidsplass kvar dag.






