top of page

TILFLYTTARKVELD

MØT FOLK. BLI KJEND. FINN PLASSEN DIN.

27. oktober | 18.00

Sentralbadet litteraturhus

20241113_171516183_iOS.heic

TILFLYTTARKVELDEN 2026
27. oktober

Tid: Tysdag 27. oktober 2026

Stad: Sentralbadet Litteraturhus, Odda

Er du ny i Ullensvang, eller har du flytta hit i løpet av det siste året? Då inviterer vi deg til årets tilflyttarkveld!

 

Tilflyttarkvelden er kommunen si offisielle velkomsthelsing til nye innbyggjarar. Her får du høve til å bli betre kjend med lokalsamfunnet, møte andre som også er nye i kommunen, og oppdage noko av alt Ullensvang har å by på.

 

I år samlast vi på Sentralbadet Litteraturhus til ein sosial og uformell kveld med mat, gode samtalar og møte med frivillige lag og organisasjonar. Du kan besøkje ulike stands, bli kjend med aktivitetar og tilbod i kommunen, og få inspirasjon til korleis du kan engasjere deg i lokalmiljøet.

 

Som noko nytt blir det også basar, der lokale verksemder og organisasjonar har bidrege med flotte premiar. Basaren er ein kjekk aktivitet som gjer det endå enklare å bli kjend med det store mangfaldet av tilbod i Ullensvang.


Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Meir informasjon om program og påmelding kjem snart.

Velkommen til Ullensvang! 

Bli kjend med lokalmiljøet

Få informasjon frå kommunen

Lær meir om tenester, tilbod og moglegheiter i Ullensvang.

Bli kjend med frivillige organisasjoner

Oppdag lag og foreiningar som skapar aktivitet og fellesskap.

Møt andre tilflyttarar

 

Del erfaringar, bygg nettverk og finn nye venner.

_VB06801.jpg

Påmelding

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.
Vi ber om at du melder deg på med namn og kor mange som kjem frå husstanden. Dette gjer at vi kan planleggje servering og sitjeplassar på best mogleg måte.

Ullensvang_formell_logo_rgb.png
Odda frivilligsentral.jpg
bottom of page