
VekstSporet
Små og mellomstore verksemder står ofte midt i ein travel kvardag der produksjon og sal tek det meste av tida. Det kan vere vanskeleg å setje av rom til å reflektere over kva som faktisk skal til for å skape vidare vekst. Her kjem Vekstsporet inn som eit praktisk og strukturert samtaleverktøy.
Kvifor VekstSporet?
Filosofien bak VekstSporet er enkel: alle bedrifter har eit uutnytta vekstpotensial.
Nøkkelen er å setje av tid til å stoppe opp, reflektere og saman identifisere kva tiltak som faktisk gjev utvikling og auka konkurransekraft.
Med Vekstsporet får bedrifta:
-
Bevisstgjering: Eit tydelegare bilete av eigen situasjon, styrkar og flaskehalsar.
-
Struktur: Ein prosess som gjer det lettare å prioritere rett og unngå å spreie ressursane for tynt.
-
Retning: Ein konkret handlingsplan som peikar ut vegen vidare.
.jpg)

Prosessen
Etter innledande samtalar og førebuing, samlar vi bedrifta sine nøkkelpersonar til ein dybdeprosess på rundt tre timar. Prosessleiar førar gruppa gjennom ein styrt samtale rundt ein av fem veksttavler:
-
Leiing, organisasjon og strategi
-
Sal og marknadsføring
-
Produkt- og tenesteutvikling
-
Internasjonalisering
-
Nettverk og samarbeid
Saman kartlegg vi kor «skoen trykker» og kva område som har størst potensial for utvikling. Resultatet av samtala dannar grunnlaget for vidare utvikling i verksemda.
Kven passar det for?
Vekstsporet er utvikla for å passe alle etablerte små og mellomstore bedrifter – uavhengig av bransje. Det kan vere alt frå familiebedrifter og handverksverksemder til industriselskap, reiseliv eller kunnskapsbaserte tenesteytarar. Felles for dei er at dei har behov for å stoppe opp og reflektere over kva som skal til for å utvikle seg vidare.
Gjennom utviklingssamtalen ser vi saman med leiinga og nøkkelpersonane på kva utfordringar verksemda står i, og vel den veksttavla som er mest relevant for situasjonen. Det kan til dømes vere leiing og strategi, sal og marknadsføring, produkt- og tenesteutvikling eller internasjonalisering. Slik får bedrifta ein prosess som er skreddarsydd til dei konkrete behova – og som gir eit tydeleg bilete av kor skoen trykkjer, kva som bør prioriterast, og korleis ein kan komme vidare.
Verktøyet er derimot ikkje meint for heilt nye oppstartsbedrifter, sidan metodikken tek utgangspunkt i at verksemda har ei viss drift og erfaring frå marknaden.

Veksttavler
Leiing, organisasjon og strategi
Ser på korleis verksemda blir styrt og organisert. Her kartlegg ein visjon, mål, strategiar og om leiinga har nok tid og ressursar til utvikling i tillegg til dagleg drift.
Internasjonale moglegheiter
Ser på potensial for eksport, import, samarbeid på tvers av grenser eller å ta del i internasjonale nettverk. Passar bedrifter som vurderer å satse utanfor Noreg.
Sal og marknadsføring
Undersøkjer korleis bedrifta når ut til kundar, korleis ho jobbar med marknadsføring, posisjonering og sal. Målet er å finne nye marknadsmoglegheiter og styrke kundegrunnlaget.
Digitalisering
Kartlegg korleis verksemda kan bruke digitale verktøy, automatisering eller teknologi til å effektivisere, nå nye kundar eller utvikle nye forretningsmodellar.
Produkt og tenesteutvikling / FoU
Fokuserer på innovasjon: utvikling av nye produkt, tenester eller metodar, og korleis ein kan bruke forsking og utvikling (FoU) til å skape konkurransefortrinn.
Berekraft og grøn vekst
Undersøkjer korleis bedrifta når ut til kundar, korleis ho jobbar med marknadsføring, posisjonering og sal. Målet er å finne nye marknadsmoglegheiter og styrke kundegrunnlaget.




