Kurs: Frå idé til ny verksemd
- Nh-Ullensvang

 - 18. sep.
 - 1 min lesing
 
Har du ein idé du vil få ut i livet? Eller tenker du på å endre kurs, satse på noko nytt eller utvide verksemda di? Då er dette kurset for deg! Her får du enkle verktøy, nyttige tips og trening i korleis du kan gjere ein god idé både berekraftig og lønsam.
📅 Onsdag 19. november 2025
📍 Smelteverket 57 (Næringshagen i Ullensvang sine lokaler, studierommet 1.etg.)
⏰ 18:00–21:00
Kurset er dekka av Ullensvang kommune, og er derfor gratis for alle deltakarar.
På kurset lærer du:
Kva som kjenneteiknar den attraktive forretningsidéen, og korleis du vurderer om di eiga idé har potensial.
Korleis du testar idéen mot ein sjekkliste: er den innovativ, unik, løysar eit behov – og kan den gjennomførast?
Kva ein forretningsplan bør innehalde, og korleis du kan lage din eigen med enkle verktøy.
Korleis du pitcher idéen din på 2 minutt, med bruk av KI til å skjerpe argumenta dine.
Målgruppe: Gründarar i idé- eller oppstartsfase, eller dei som ønskjer å byte retning, omprioritere eller utvide verksemda.
Kursholdar: Næringshagen i Ullensvang
Kurset kombinerer teori med praktiske oppgåver undervegs, slik at du både får kunnskap og prøver ut metodane i praksis.
Ta med idéen din – og gå heim med ein plan, nye verktøy og betre sjølvtillit!
Ta med på kurskveld: PC og skrivesakar, ta gjerne med det du har av dokumenter dersom du har ein god ide. Vi har en Case en kan bruke dersom en ikke har ideen klar eller ikke er klar for å dele.
Har du spørsmål? Ta kontakt med post@nhullensvang.no eller ring 53 65 07 00








Kommentarer