top of page

Har du ein idé – liten eller stor?

Me hjelper deg i gang.

Å starte noko nytt kan vere både spennande og overveldande. Difor får du inntil 8 timar gratis hjelp frå Næringshagen gjennom førstelinjetenesta i Ullensvang Kommune. Me gjer det enklare for deg å ta dei første stega – og for å finne ut om ideen din kan bli ei verksemd.

​

Ta kontakt:

Send ein e-post, ring oss – eller stikk innom kontoret vårt utan avtale.
Vi svarar innan to arbeidsdagar og finn ein tid som passar for eit første møte – anten fysisk, digitalt, eller der du er.

 

Første møte – uformelt og hyggjeleg:

Du blir kjent med oss, og vi får høyre meir om idéen din.
Saman ser vi på kor langt du har kome, kva moglegheiter og utfordringar du står overfor, og kva som kan vere neste steg.​​​​

​

Dette kan du forvente:

​

1. Ein god prat om ideen din

Me startar med å snakke gjennom tankane dine. Kva vil du skape? Kva er målet? Kva behov ser du? Du får rettleiing, innspel og hjelp til å sortere det som kan vere litt kaotisk i starten.

Arbeid ved fjordutsikt.png
​
2. Ein plan som gir retning

Saman lagar me ein enkel plan for vegen vidare. Me hjelper deg med å setje mål, sjå moglegheiter, forstå kva som må på plass – og strukturere stega du bør ta.

3. Hjelp med søknader og finansiering

Me guidar deg gjennom dei støtteordningane som finst, kva du kan søke på, og korleis du bør legge opp søknader og budsjett. Me kan òg hjelpe med prosjektplanar og prosjektleiing dersom du treng det.

4. Fokus på berekraftig og framtidsretta drift

Me hjelper deg med å ta smarte val som gjer verksemda di berekraftig – både økonomisk, miljømessig og sosialt.

5. Auka kompetanse

Du får tilbod om kurs, nyttige verktøy og kunnskap som styrker deg som gründer – og gir deg betre grunnlag for å lykkast.

6. Nettverk og samarbeidspartnarar

Me koplar deg på relevante folk og miljø i regionen. Nokre gonger er det akkurat eit møte, eit samarbeid eller eit tips som gjer heile forskjellen.

Vi vil gjerne høyre frå deg!
 

Ta kontakt for meir informasjon – vi gler oss til å hjelpe deg vidare!

​

bottom of page