top of page
Forfatterens bildeNh-Ullensvang

Ledig stilling i Næringshagen

Me søkjer etter forretningsutviklar


Næringshagen i Ullensvang AS (NIU) er i ei omstilling, og vil truleg kvalifisere seg til det statlege Selskapet for industrivekst (SIVA) sitt inkubasjonsprogram.




Inkubasjonsprogrammet skal bidra til auka nasjonal verdiskaping gjennom å identifisera, kommersialisera og vidareutvikla innovative idear til nye vekstverksemder, og utløysa vekst i etablerte verksemder. Me kjem til knyttast å opp mot Hardanger Industri og Hardanger Hydrogen Hub frå hausten av.




Arbeidsoppgåvene vert å rådgje verksemder i regionen for å bidra til vekst, styre eksterne og interne prosjekt, samt vere ein pådrivar for å etablere nye verdiskapande verksemder. Organisasjonen er ein pådrivar for auka samarbeid, og tek ein aktiv rolle i samfunnsutvikling lokalt og regionalt. I tillegg til forretningsutvikling er det prosjekt innan desentralisert utdanning, rekruttering og kompetanseheving i dag, men det kan koma ytterlegare arbeidsoppgåver f.eks. delprosjekt frå Grøn Region Vestland.



Me ser etter deg som:

  • har høgare utdanning innan bedriftsleiing, økonomi, ingeniørfag, jus, it, e.l.

  • har relevant praksis frå privat næringsliv som gjev truverdig rådgjeving

  • har erfaring med å jobbe i prosjekt med fordel frå industri

  • har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

  • har solid fagkompetanse og kan halde relevante kurs

  • har førarkort og har eigen bil (det må påreknast litt reise)

  • evnar å jobbe både sjølvstendig og i team

  • er analytisk og har evne til å setje deg inn i strategiske utfordringar

  • er personleg eigna for stillinga gjennom å vere god på relasjonar og service

Det er ein fordel om du i tillegg har kjennskap til utfordringar i næringslivet og potensiale i regionen.

Me tilbyr:

  • lokalt utviklingsarbeid med nasjonalt nettverk

  • stor fridom i eigen arbeidskvardag

  • kontor i eit spanande fagmiljø i Odda

  • personlege utviklingsmoglegheiter

  • konkurransedyktig løn og tiltreding etter avtale

  • 100 % fast stilling, men me kan vere fleksible på stillingsprosent ved behov.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Frode Sandven. CV og søknad kan sendes til post@nhullensvang.no.

148 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page