top of page

Velkommen heim – møt framtida i Hardanger!

  • Forfatterens bilde: Nh-Ullensvang
    Nh-Ullensvang
  • 14. aug.
  • 2 min lesing

20.12 | Sentralbadet Litteraturhus


ree

Næringslivet i Ullensvang, Ullensvang Kommune og Næringshagen i Ullensvang inviterer unge vaksne og studentar heim til Hardanger for ein kveld full av inspirasjon, nettverksbygging og gode smakar – midt i hjarta av jula. Arrangementet skjer i forkant av Odda banker jula inn og er den perfekte arenaen for å knyte kontaktar, både for deg som er på jakt etter jobb eller for di verksemd som vil treffe framtidas kompetanse.


For kven?

  • Studentar og unge vaksne som vil vite meir om jobb- og karrieremoglegheiter i regionen. Arrangementet har 18-års aldersgrense

  • Lokale verksemder som ønsker å synleggjere seg for heimflyttarar, nyutdanna og unge talent


Vi viser fram meir enn berre jobbar

I tillegg til jobb- og karrieremoglegheiter vil vi løfte fram alt Hardanger har å by på av fritidsaktivitetar. Difor inviterer vi også frivillige lag og organisasjonar til å halde stand under Velkommen heim. Her kan dei vise fram tilbod innan idrett, kultur, friluftsliv og andre aktivitetar – slik at dei unge får eit heilskapleg bilete av korleis det er å leve og bu her.


Program

17.00 – Innsjekk, velkomst, pizza og mingling

18.00 – Historier frå unge som har flytta heim + presentasjonar frå regionen

19.00 – Pause, mingling og smaking av lokal sider

20.00 – Bedriftspresentasjonar

20.45 – Takk for i kveld – og over til Odda banker jula inn 


Kvifor bør di verksemd vere med?

  • Bygg band til unge vaksne som vurderer å flytte heim

  • Synleggjer karrieremoglegheiter og styrk rekrutteringa

  • Skap relasjonar som kan vare livet ut


Vi kjøper 50 billettar til Odda banker jula inn – dei 50 første påmeldte deltakarane får billett inkludert! Billettsalet opnar snart, så følg med!


👉 Vil di verksemd eller organisasjon vere med?


Ta kontakt med:

📞 454 79 095


ree

 
 
 

Kommentarer


bottom of page