Yrkes- og utdanningsmessa 2026
- Nh-Ullensvang

- 11. aug.
- 1 min lesing
29. januar 2026 - Tyssolhallen
Yrkes- og utdanningsmessa samlar elevar, lærarar, bedrifter og opplæringsmiljø til ein dag full av praktiske demonstrasjonar, studieretningar og karrieremoglegheiter. For dykk som utstillar er dette ein unik sjanse til å synleggjere fag, utdanningsvegar og rekrutteringsbehov – og å møte dei som kan bli dykkar framtidige lærlingar eller medarbeidarar.
I 2024 deltok heile 45 bedrifter, skular og organisasjonar på messa. I år har vi eit hårete mål: 50 utstillarar!
Meld dykk på som utstillar
Vi oppmodar verksemder frå alle bransjar, opplæringskontor, høgskular og organisasjonar til å delta. Messa blir lagt opp med aktivitetar og presentasjonar som gjer det lett å engasjere ungdomane.
Praktisk informasjon
Program: Blir sendt ut til alle utstillarar nærare start.
Standplass: Fordelast etter bransje og plassbehov.
Innlasting: Nærare informasjon kjem i e-post før arrangementet.
Kontakt: post@nhullensvang.no - +47 53 65 07 00



































Kommentarer