top of page

Velkomen til lunsjseminar i Odda!

13. juni kl 11:30 - 15:00


Samarbeid på tvers av organisasjonar, bransjar og regionar



Næringshagen i Ullensvang, i samarbeid med Hardanger og Voss Næringshage, inviterer den 13.juni 2024 verksemder i Ullensvang til lunsjseminar. Her rettar me søkjelyset mot det store vekstpotensialet som gode samarbeidsrelasjoner inneber for dei involverte partane. Du får inspirasjon og ny kunnskap, og moglegheit til å mingle med andre interessante folk!

 

På programmet står spennande innlegg frå både næringsliv og kommune. I tillegg vil velkjend odding og standup-mann, motivator og gladgut Roar Brekke losa oss gjennom dagen med godt humør og glimt i auget.


  • Einar Vaage [Head of project, Greenspot Mongstad]: UTVIKLING ELLER KROKEN PÅ DØRA? Mongstad Industripark skal gjennom sitt grøne skifte. Det betyr dekarbonisering av raffineriet, produksjon av ny og berekraftig energi samt industriell symbiose. Her presenterer Einar utviklingsplanane for dette ambisiøse prosjektet

 

  • Jean-Christophe Scouarnec [JCS AS] fortel om Materialbanken på Voss, eit innovativt prosjekt knytt til gjenbruk av trematerialar. Han er i ferd med å byggje opp eit forpliktande nettverk av aktørar frå ei rekkje ulike bransjar, for på den måten å auka sjansen for suksess

 

  • Haakon Kvestad, siderprodusent og byggmeister, har ifølgje han sjøl draumejobben: Sidergleder og rehabilitering av bygg, side om side!

 

  • Ordførar Roald Aga Haug og næringssjef Randi Rykkje gjev oss siste nytt kva gjeld kommunalt næringsarbeid og utviklingsprosessar

 

  • Dei daglege leiarane i Næringshagen i Ullensvang (Sveinung Føllesdal) og Hardanger og Voss Næringshage (Sigmund Vereide) fortel om satsing og fokusområder frå næringshagane i regionen

 

 

Tid og stad: 13.juni kl 11.30-15.00, Litteraturhuset i Odda

Enkel servering

* Medlemmar i Næringshagen: Gratis

* Ikkje-medlemmar: 537,-

Obs: Avgrensa antal plassar

9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page