Få fart på salet!
- Nh-Ullensvang

- for 3 døgn siden
- 2 min lesing
22.04 | 09:00 - 14:00

Praksisnært og skreddarsydd salgskurs
Korleis skaper du tillit raskt i kundedialogen? Korleis avdekkjer du reelle behov – og argumenterer for verdi framfor pris? Og korleis følgjer du opp kundar slik at dei kjem tilbake?
I samarbeid med Sellit inviterer Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice til eit praksisnært salgskurs for bedrifter i regionen. Kurset er utvikla for å fungere på tvers av bransjar, med felles metodikk og individuell tilpassing til deltakarane sine eigne kundesituasjonar. Deltakarar frå ulike bransjar jobbar med konkrete case frå eigen kvardag, noko som gir høg relevans, god overføringsverdi og verdifull erfaringsutveksling mellom verksemdene.
Innhald i kurset
Kurset tek for seg heile salgsprosessen – frå første kontakt til langsiktig kundeforhold – og gir deltakarane konkrete verktøy for å skape tillit raskt i kundedialogar, avdekkje reelle behov som fører til avgjerd, og argumentere tydeleg for verdi framfor pris. Vidare blir vanlege salgsbarrierar gjennomgått, saman med korleis ein kan handtere desse på ein trygg og profesjonell måte. Deltakarane lærer også korleis ein byggjer ein strukturert salgsprosess frå første møte til beslutning, følgjer opp kundar på ein verdiskapande måte, og utviklar langsiktige relasjonar som gir meir sal, gjenkjøp og lojalitet.
Undervisninga er dialogbasert og involverande, utan ubehagelege øvingar, og kombinerer praktiske refleksjonsoppgåver, arbeid med deltakarane sine eigne kundecase, konkrete verktøy og sjekklister, samt diskusjonar og erfaringsdeling som gir høg relevans og direkte overføringsverdi til kvardagen.
Digital merverdi – tilgang til Video-hub
Alle deltakarar får tilgang til Sellit sin digitale Video-hub med korte og konkrete modular innan sal, kundedialog og relasjonsbygging. Videoane kan brukast internt i verksemda, både til onboarding av nye tilsette og til repetisjon og vidare trening, og bidreg til at effekten av kurset varer langt utover sjølve kursdagen.
Skreddarsøm i praksis
Før kursa: behovsavklaring og tilpassing til deltakande bransjar
Under kursa: løpande justering av eksempel og case
Etter kursa: deltakarane sit igjen med struktur, verktøy og digitale ressursar som kan takast i bruk med ein gong
Erfaring og kvalitet
Sellit har gjennomført tilsvarande kurs for næringsforeiningar og bedrifter over heile landet, med svært gode evalueringar. Kursa er kjenneteikna av høg fagleg kvalitet, ei praktisk og profesjonell tilnærming, engasjerande formidling og eit trygt læringsmiljø. Som ein deltakar seier: «Tenk at sal kunne vere så gøy – og samtidig så enkelt, utan at du føler deg som ein ‘sleip seljar’.»
Dette er kurset for deg som jobbar med sal, kundedialog eller kundeservice – og som ønskjer betre struktur, meir tryggleik og betre resultat.







Kommentarer