top of page

Kurs: Økonomi for små bedrifter – få kontroll og ta dei rette vala!

  • Forfatterens bilde: Nh-Ullensvang
    Nh-Ullensvang
  • 4. mars
  • 1 min lesing

Å ha kontroll på økonomien er avgjerande for å drive ei lønnsam bedrift. Mange gründerar og småbedriftseigarar opplever økonomistyring som utfordrande, men med rett kunnskap kan du ta betre avgjerder og sikre ei sunn drift. Difor inviterer vi til eit praktisk kurs der du får verktøya du treng for å styre bedrifta di si økonomi meir effektivt.


📅 Dato: 8. april

Tid: 18:00 – 21:00


Dette lærer du på kurset

Kurset gir deg innsikt i dei viktigaste økonomiske prinsippa for små bedrifter og nyttige metodar for å få kontroll på inntekter, utgifter og prissetjing. Me vil blant anna gå gjennom:


Få kontroll over økonomien i di bedrift – Korleis styre inntekter og kostnader smart?

Kalkulering og prissetjing av varer og tenester – Set riktig pris og unngå tap.

Budsjettering og likviditetsstyring – Planlegg økonomien for betre stabilitet.

Kor mykje kapital treng du? – Sikre at du har nok midlar til drift og vekst.

Føre rekneskap sjølv – bør du gjere det? – Fordelar og ulemper med eigen rekneskapsføring.

Viktige reglar og regelverk du må kjenne til – Unngå økonomiske fallgruver.


Kven passar kurset for?

Kurset er spesielt tilpassa:

Gründerar som ønskjer å starte eller nettopp har starta eiga bedrift.

Småbedriftseigarar som vil forstå økonomien i si verksemd betre.

Alle som vil ha praktisk innsikt i bedriftsøkonomi på ein enkel måte.


Praktisk informasjon

📍 Stad: Smelteverket 57, 5750 Odda

💰 Kurset er gratis og sponsa av Ullensvang Kommune

Begrensa plassar – meld deg på tidleg!








 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Smarte verktøy og ekte engasjement

Fullt hus og etterspel: Engasjementet sat i veggane etter KI-kurs i Odda Bilde generert av KI Fredag 25. april var det duket for minikurs...

 
 
 

Comments


bottom of page