Til no har 250 unge, motiverte kandidatar vore trainee i Sogn og Fjordane og Hordaland. Berre i Odda finner ein fire trainear for året 2020/2021. Blir du den neste traineebedrifta i distrikts-Vestland?
Framtidsfylket
Artikkelen var fyrst publisert hos framtidsfylket.no
Næringshagen i Ullensvang/Trainee Indre Hordaland jobbar saman med Framtidsfylket og tilbyr traineeprogram for bedrifter i gamle distrikts Hordaland.
Framtidsfylket har i fleire år hatt traineeordning i Sogn og Fjordane. Denne ordninga arbeider me no saman om for å utvida til heile Vestland fylket med fokus på distrikta. Me søkar no etter nye traineebedrifter for 2021/22.
Her kan du lese om 9 gode grunnar for korfor du bør tilsette ein trainee i 2021.
Toppkandidatar i søkjarbunken Framtidsfylket går breitt ut for å få dei beste kandidatane. Dei marknadsfører stillingane på nett, gjennom rekrutteringsmesser og utdanningsinstitusjonar. Det å tilby ein traineestilling viser at di bedrift ynskjer å være med på å satse på ung og ny arbeidskraft. Traineestillingane er attraktive, og nyutdanna ser på dei som ein god og viktig inngang til arbeidslivet. Du kan difor rekne med at du vil få fleire godt kvalifiserte søkarar til stillingen.
Bruk mindre ressursar på rekruttering Rekruttering er dyrt og tek tid. Vi rekrutterer brei og allsidig kompetanse og leverer ein bunke med relevante søkjarar til deg. Alt frå økonomar, ingeniørar, marknadsførarar, utviklarar, samfunnsvitarar, helseutdanna, juristar og mange andre fagområde. Søkjarane til traineeprogrammet er primært nyutdanna masterkandidatar, men også bachelorkandidater. Du vel sjølv kven du kallar inn til intervju.
Fersk kompetanse og friske tankar! Traineane kjem gjerne rett frå skulebenken og sit med all ny kunnskap og lærdom friskt i minne. Sjølv om du må bruke noen ressursar på opplæring, vil du fortsatt få mykje i retur då dei ynskje å dele sin kunnskap med di bedrift og derfor gje deg uvurderleg kunnskap og innsikt inn i det nyaste innan faget.
Arbeidssom, lærevillig og motivert For mange av traineane vil dette vere deira første studierelevante jobb. Dei ynskjer og har behov for å vise kva dei er gode for og vil være opne for utfordringar, samt sette inn eit ekstra gir for å imponere. Dei kjem ikkje berre for å vise kva dei kan, men også for å tileigne seg ny kunnskap og verktøy, dei ynskjer å lære og er svært motiverte.
Røskar i bedriftskulturen Ein trainee kjem inn i bedrifta med eit friskt sinn og nye innfallsvinklar og idear. Dei blir ein ressurs i bedrifta og kan vere ein sentral del i vidare utvikling og innovasjon.
Unikt nettverk Gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram får både bedrifta og traineen eit unikt nettverk i fylket. Det er fokus på erfaringsutveksling, innblikk i andre bransjar, samarbeidsmoglegheiter og auka synlegheit som traineebedrift.
Ta samfunnsansvar - styrk omdømet I dag har omdømet til bedrifta mykje å seie når nyutdanna søkjer etter jobb. Dei ynskjer gjerne ein attraktiv arbeidsgjevar med godt omdøme og gjerne moglegheit for å kunne vere med å påvirke bedrifta. Når du tilset ein trainee, gjev du nyutdanna ein sjanse til jobb og erfaring. Bedrifta tek samfunnsansvar i form av tilflytting og utvikling av distrikta, samt opplæring og videre utvikling av framtida si arbeidskraft. Samla kan dette vere med på å utvikle og styrke omdøme til bedrifta.
Heilt uforpliktande Du har berre kontrakt med traineen for eit år. Du er heller ikkje forplikta til å tilby fast stilling etter trainee året dersom du skulle merke at dette ikkje var riktig person for di bedrift.
Kan ende i fast tilsetting Sjølv om du ikkje er forplikta til å tilby fast kontrakt til traineen etter endt traineeår er likevel vår erfaring at dei fleste bedriftene vel å tilby traineen jobb etter året som trainee.
Les meir om Framtidsfylket sitt traineeprogram HER!
Ønskjer di verksemd å ha trainee i 2021/2022? Ta kontakt:
Dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang, Anna G. Langesæter:
anna@nhodda.no eller ring 958 90 237 for meir info (Distrikts Hordaland)
Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland:
linda@framtidsfylket.no eller ring 990 17 852
Comentarios