top of page

KICKOFF 8.mars

Oppdatert: 12. mar.

Fredag 8. mars var det kickoff i regi av rekrutteringsprosjektet for Hardanger og Voss.


Ann Kristin Mæland frå NAV tok for seg realitetsbilete og rekrutteringsbehovet framover i regionen, medan Kine Vikse frå Framtidsfylket delte erfaringane sine på korleis god rekruttering fungerer, og kva som skal til for å få tak i rett kandidat med rett kompetanse.


Vidare delte Clara Marie Nygaard frå Tide Buss korleis dei arbeider med strategisk kompetanseutvikling for å lykkast med å rekruttera bussjåførar i regionen.


Dyktige elevar frå Odda vidaregåande skule var også representert med ungdomsbedrifta «Karriere i Ullensvang» kvar dei presenterte korleis dei har tenkt å løysa utfordringa med å synleggjera karrieremoglegheitene for unge i Ullensvang.


Til slutt gjennomførte Næringshagen i Ullensvang workshop kor mange sentrale problemstillingar vart diskuterte med gode innspel og stort engasjement blant deltakarane. 


Tusen takk for ein fin og lærerikdag i Ulvik! Og takk til konferansier Linda Hovland som leia oss gjennom programmet og dagen.


Fotokreditering: Vidar Alfarnes, HVK Studiesenter

40 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page