ons. 07. apr. | Digitalt

Digitalt innspelsmøte - Strategisk næringsplan - Reiseliv og Handel

Ullensvang kommune har starta arbeidet med utvikling av ny strategisk næringsplan for perioden 2022-2024 No ynskjer me dine innspel til tiltak og inviterar til Digitale innspelsmøte
Billetter er ikke på salg
Digitalt innspelsmøte - Strategisk næringsplan - Reiseliv og Handel

Tid og sted

07. apr., 18:00 – 19:30
Digitalt

Om arrangementet

STRATEGISK NÆRINGSPLAN 

Ullensvang kommune har starta arbeidet med utvikling av ny strategisk næringsplan for perioden 2022-2024 No ynskjer me dine innspel til tiltak og inviterar til Digitale innspelsmøte: - Handel og reiseliv: 7. april kl. 18.00 - 19.30 - Industri og øvrige: 8. april kl. 17.30 - 19.00

 Påmelding til anna@nhullensvang.no

*Landbruk blir på grunn av sin omfattande struktur og særstilling i kommunen handsama i eigen plan. Meir informasjon om prosess for landbruk kjem seinare. Eventuelle spørsmål kan rettast til landbrukssjefen.

KVIFOR ER DINE INNSPEL VIKTIGE? 

Næringsplanen har som føremål å skapa tydelege og forutseielege rammer for næringsdrivande som ønsker å etablera og utvikla næring i Ullensvang. Den skal skildra prioriterte initiativ og kommunen sitt ansvar for å sikra utvikling av næringslivet i Ullensvang. Det er no du har høve til å føreslå tiltak som du meiner er viktige for å sikra ei god næringsutvikling i kommunen!

TILTAK I STRATEGISK NÆRINGSPLAN SKAL VERA KNYTT TIL MÅL OG STRATEGIAR I KOMMUNEPLANEN 

I Ullensvang 2032: 

  • er BEREKRAFT GRUNNLEGGJANDE 
  • er kommunen ein AKTIV TILRETTELEGGJAR og PÅDRIVAR 
  • er friluftsliv, mat og kultur frå Ullensvang VERDSKJEND 
  • er LKR-sentra ATTRAKTIVE stader å bu, leve og arbeide for ALLE 
  • har me LEVANDE bygder og STERKE sentrum i UTVIKLING 
  • er turismen POSITIV er kultur-, idretts- og reiselivet INKLUDERANDE 
  • har me AKSEPTABEL INFRASTRUKTUR 
  • er næringslivet UNIKT, ALLSIDIG og AKTIVT

Dele dette arrangementet