ons. 07. apr. | Digitalt innspelsmøte

Digitalt innspelsmøte - Strategisk næringsplan - Reiseliv og Handel

Ullensvang kommune har starta arbeidet med utvikling av ny strategisk næringsplan for perioden 2022-2024 No ynskjer me dine innspel til tiltak og inviterar til Digitale innspelsmøte.
Registreringen er lukket
Digitalt innspelsmøte - Strategisk næringsplan - Reiseliv og Handel

Tid og sted

07. apr., 18:00 – 19:30
Digitalt innspelsmøte

Om arrangementet

Ullensvang kommune har starta arbeidet med utvikling av ny strategisk næringsplan for perioden 2022-2024 No ynskjer me dine innspel til tiltak og inviterar til Digitale innspelsmøte: - Handel og reiseliv: 7. april kl. 18.00 - 19.30 - Industri og øvrige: 8. april kl. 17.30 - 19.00

Påmelding til anna@nhullensvang.no

Landbruk blir på grunn av sin omfattande struktur og særstilling i kommunen handsama i eigen plan. Meir informasjon om prosess for landbruk kjem seinare. Eventuelle spørsmål kan rettast til landbrukssjefen

KVIFOR ER DINE INNSPEL VIKTIGE? Næringsplanen har som føremål å skapa tydelege og forutseielege rammer for næringsdrivande som ønsker å etablera og utvikla næring i Ullensvang. Den skal skildra prioriterte initiativ og kommunen sitt ansvar for å sikra utvikling av næringslivet i Ullensvang. Det er no du har høve til å føreslå tiltak som du meiner er viktige for å sikra ei god næringsutvikling i kommunen!

TILTAK I STRATEGISK NÆRINGSPLAN SKAL VERA KNYTT TIL MÅL OG STRATEGIAR I KOMMUNEPLANEN I Ullensvang 2032: er BEREKRAFT GRUNNLEGGJANDE er kommunen ein AKTIV TILRETTELEGGJAR og PÅDRIVAR er friluftsliv, mat og kultur frå Ullensvang VERDSKJEND er LKR-sentra ATTRAKTIVE stader å bu, leve og arbeide for ALLE har me LEVANDE bygder og STERKE sentrum i UTVIKLING er turismen POSITIV er kultur-, idretts- og reiselivet INKLUDERANDE har me AKSEPTABEL INFRASTRUKTUR er næringslivet UNIKT, ALLSIDIG og AKTIVT

Registreringen er lukket

Dele dette arrangementet