top of page

YRKES- OG UTDANNINGSMESSA 2024

  • Forfatterens bilde: Nh-Ullensvang
    Nh-Ullensvang
  • 9. aug. 2024
  • 1 min lesing

Dato: 26. september 2024




Vi har gleda av å invitera bedrifter, verksemder, utdanningsaktørar, skular og vaksenopplæringa i Ullensvang kommune til årets Yrkes- og Utdanningsmesse.


I år som i fjor blir messa arrangert i Tyssohallen.


Næringshagen i Ullensvang har saman med Odda Vidaregåande skule og Opplæringskontoret i Hardanger arrangert Yrkes- og utdanningsmessa årleg dei siste ti åra. Behovet for arbeidskraft med rett kompetanse er aukande, og vi vil dei neste åra vera heilt avhengige av at fleire lokale ungdomar vel å etablera seg i regionen.


Hovudmålgruppe: 10. trinn, VG1, VG2, VG3 og vaksenopplæringa i Ullensvang.


Av erfaring er det stort engasjement blant næringslivet og utdanningsaktørar på messa med konkurransar og bra opplegg, og vi håpar at flest mogleg melder seg på! Som tidlegare år vil alle utstillarar få tildelt standplass der ein viser fram verksemda si.





Viss du har nokre spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Amanda Bjørnenak på e-post amanda@nhullensvang.no eller telefon 916 95 656

 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Smarte verktøy og ekte engasjement

Fullt hus og etterspel: Engasjementet sat i veggane etter KI-kurs i Odda Bilde generert av KI Fredag 25. april var det duket for minikurs...

 
 
 

Comments


bottom of page