Informasjonsskriv til Potensielle Luteigarar
Me har gleda av å invitera dykk til å bli ein del av eit spennande nytt selskap – stiftinga av
lutalaget Lofthus Parkering LL. Lutalag er akkurat det same som eit aksjeselskap, men me
velger å kalla det eit lutalag sidan me tykkjer at det er ei meir treffande ordlyd.
Bakgrunn
Lofthus er eit populært turistmål og ein livleg bygd med ei voksande befolkning. Etter at
Dronningstien blei eit nytt turistmål på Lofthus har behovet for parkeringsbehovet nærast
eksplodert. I tillegg til å vera ein av dei viktigaste arbeidsplassane for innbyggjarane våre er
turismen ein heilt naudsynt bærebjelke for fleire av servicetilboda me har utanfor
turistsesongen.
Når Røyse (Lofthus Torg) blir utbetra i 2025 av Ullensvang kommune vil talet offentlege
parkeringsplassar på Røyse bli redusert frå ca. 120 til 33.
Målet vårt er å etablere ei moderne og effektiv parkeringsløysing på Lofthus for både
lokalbefolkninga og besøkande. Sleskapt skal jobba for fleire løysingar i tilfelle skissert løysing ikkje let seg gjennomføra.
Styre og Vedtekter
Her er det fremma forslag om at kvar person eller organisasjon får en stemme på
generalforsamlinga uavhengig av mengd aksjar. Tanken bak dette er at lutalaget skal tilhøre
folket i bygda uansett om ein er rik på lutar eller berre er ein mindre medeigar.
Eit framtidig styre eller generalforsamling vil sjå på ulike goder luteigarane vil kunne få i et
framtidig parkeringsanlegg. Viss du har interesse av å sitte i styre eller har nokon du kunne
tenkt deg at satt der, er det fint om du/dykk kjem med forslag til oss.
Stifting av selskap og aksjar
Vi ønsker at de som er interessert i å kjøpe lutar og dermed vil være med å stifte eit slikt selskap
melder tilbake til oss skriftleg på mail eller post med mengd lutar du ønsker å kjøpe når
selskapet vert stiftet. Dette vil vera bindande.
Ei lut vil bli seld for kr 1000 ,-
Etter at selskapet har blitt stifta vil det ikke bli solgt fleire lutar før eit eventuelt årsmøtevedtak
om utviding av antall lutar.
Etter rimeleg tid vil invitasjon til eit stiftelsesmøte bli sendt ut til alle. Her vil vedtekter verta
vedtatt, eit styre skal veljast og selskapet kan offisielt begynne jobben mot parkeringsanlegg på Lofthus.
Interimstyret til lutalaget har gjort avtale med næringshagen i Ullensvang ved dagleg leiar
Sveinung Føllesdal om at næringshagen skal hjelpa med papirarbeidet for selskapet i starten.
Ver venleg å send ein epost til lofthusparkering@gmail.com med navn og antall lutar du
ynskjer å kjøpa.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon eller om du skulle ha spørsmål, vennligst kontakt oss på:
E-post: lofthusparkering@gmail.com
Telefon: Sveinung Føllesdal 474 09 826
Ullensvangvegen 898
Fredrik Tveit 481 81 660
Hordatunvegen 47
Vi ser fram til å starta denne spennande prosessen, og håpar de vil bli ein del av Lofthus
Parkering.
Med venleg helsing,
Sveinung Føllesdal og Fredrik Tveit
Lofthus Parkering LL
Kommentare