
For mange verksemder er sommaren ein kritisk periode med behov for ekstra arbeidskraft. Det å tilsette unge i sommar- og sesongjobbar er ikkje berre ein måte å dekke arbeidskraftsbehovet på, men også ei verdifull moglegheit for relasjonsbygging og framtidig rekruttering. Ved å tilby gode arbeidsforhold og ein positiv arbeidsoppleving kan verksemder sikre seg lojale og erfarne kandidatar for framtida.
Rekrutter sommarhjelp effektivt
NHO sin kampanje Sommarjobb i Vest er ein kampanje skapt for å vise fram dei unike moglegheitene som finst for ungdommar i fylket vår. Dei ønskjer å legge til rette for at ungdom får prøve seg i relevante jobbar hjå lokale bedrifter. Som arbeidsgivar kan du gjere sommarjobbane dine meir synlege ved å bruke dei riktige kanalane. Ved å leggje ut stillingsannonser med hashtaggane #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest, vil stillingane dine bli synlege på nettsida Sommarjobb i Vest. Dette gjev deg betre rekkevidd, tilgang til fleire kandidatar og sikrar at du finn dei rette sesongarbeidarane til din bedrift.
Haugaland Kraft satsar på studentar
Haugaland Kraft tilbyr sommarjobbar til studentar der dei får moglegheit til å jobbe i eigne prosjekt. For å gjere sommarjobben meir attraktiv arrangererer dei sosiale aktivitetar for kandidatene. Dette bidrar til eit betre arbeidsmiljø og ein positiv oppleving for studentane som vel å bruke sommaren sin på verdifull arbeidserfaring.

Over 100 søkarar til Restaurant Langhuset
Renate Røsten, dagleg leiar for Ferskvaren, har gjennom god employer branding og effektiv marknadsføring klart å tiltrekke seg over 100 søkarar til sommarhalvåret på Restaurant Langhuset, som er ein del av Camp Lothepus. Dette viser korleis ein strategisk rekrutteringsprosess kan bidra til å sikre dyktige medarbeidarar i ein travel sommarsesong.
Comments