top of page

HMS-kurs for leiarar

  • Forfatterens bilde: Nh-Ullensvang
    Nh-Ullensvang
  • for 6 døgn siden
  • 2 min lesing

Oppdatert: for 4 døgn siden

30. september kl. 08.00 - 15.00  

Sted: Smelteverket 57, 5750 Odda (Næringshagen i Ullensvang sine lokaler 1.etg)







Som leiar har du eit lovpålagt ansvar for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Arbeidsmiljølova krev at alle arbeidsgivarar og leiarar med personalansvar skal ha nødvendig opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Dette kurset gir deg kunnskapen og verktøya du treng for å oppfylle desse pliktene – og for å skape ein trygg og god arbeidsplass for dine tilsette. 


Kurset har ein ordinær pris på 3 500,-, men takka vere støtte frå Siva kan vi no tilby det til verksemder i Ullensvang til ein kraftig redusert pris – ei unik moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

 

Kvifor ta kurset? 

Manglande HMS-kompetanse kan føre til brot på lovverket, auka risiko for ulykker og sjukefråvær, og i verste fall ansvar for alvorlege hendingar. Med rett opplæring kan du førebygge problem, styrke arbeidsmiljøet og bygge ein kultur for tryggleik og trivsel. 


Kursinnhald 

Kurset er lettfatteleg, praktisk retta og basert på dagsaktuelle eksempel. Vi gir deg tryggleik i korleis du kan gjennomføre HMS-arbeidet i din verksemd, med fokus på: 

  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter 

  • Arbeidsgivar sine plikter 

  • Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad 

  • Verneombodet og AMU si rolle 

  • Bedriftshelsetenesta si funksjon 

  • Inkluderande arbeidsliv (IA) 

  • Systematisk HMS-arbeid 

  • Arbeidsmiljøfaktorar og relasjonar 

  • Rolleavklaringar og handtering av rollekonfliktar 


Dette kurset gir deg både innsikt i regelverket og praktiske metodar for å gjennomføre HMS-arbeidet på ein effektiv måte. 


Om kursleverandøren

Karine Einang og Paul F. Henriksen i Einang Safety Consult AS har over 40 års samla erfaring frå brann- og redningsvesen, politi, Forsvaret og industri. Dei tilbyr skreddarsydd rådgjeving og opplæring innan HMS, leiing, beredskap og tryggleik – til både private og offentlege verksemder.


Kursbevis

Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs. Beviset dokumenterer deltaking og kan nyttast som stadfesting overfor arbeidsgivar eller i vidare kompetanseutvikling.





NB! Kurset er ikke tilstrekkelig for deg som er verneombud eller medlem av arbeidsmiljøutvalget (AMU).


Har du spørsmål knyttet til kurset? Ta kontakt



Kurset er eit samarbeid mellom fleire organisasjoner:


ree

 
 
 

Comentários


bottom of page