
Korleis kan di verksemd tiltrekke seg dei beste folka og halde på dei? Employer branding handlar om å bygge eit sterkt og truverdig omdømme som arbeidsgivar, slik at både noverande og potensielle medarbeidarar ser på verksemda di som ein attraktiv arbeidsplass.
På dette kurset lærer du korleis du kan styrke arbeidsgivarmerket ditt, kommunisere det til rett målgruppe og skape eit engasjerande arbeidsmiljø som gjer at tilsette trivst og utviklar seg.
Kva får du ut av kurset?
🔹 Innsikt i kva employer branding er og kvifor det er avgjerande for rekruttering og medarbeidarengasjement
🔹 Praktiske verktøy for å utvikle og kommunisere di unike arbeidsgivarhistorie
🔹 Strategiar for å tiltrekke dei rette kandidatane og styrke arbeidsmiljøet internt
🔹 Gruppeoppgåver og diskusjonar tilpassa lokale utfordringar og moglegheiter
Kven passar kurset for?
Kurset er relevant for leiarar, HR-ansvarlege, rekrutterarar og andre som jobbar med å bygge sterke team og eit godt arbeidsmiljø.
Kursdatoar og stadar
📍 12. mars – Voss
📍 9. april – Husnes
📍 4. juni – Kvam
📍Hausten 2025 - Odda
Praktisk informasjon
⏰ Tid: 10:00 – 15:00
💸Pris: 2000,- /målbedrifter: 1500,- (Lunsj inkludert i prisen)

Møt kurshaldaren
Andre Bjørkhaug er bosatt på Voss og jobber som seniorrådgiver hos Dfind, en del av Randstad og har bakgrunn innen finans, kommunikasjon, ledelse og markedsføring.
Han har omfattende ledererfaring fra store organisasjoner som Posten, Visma og Sparebanken Vest, samt erfaring fra SMB-segmentet og gründervirksomheter gjennom sin egen konsulentvirksomhet. Andre har bred styrekompetanse og har ledet strategi- og utviklingsprosesser for mange bedrifter.
Meld deg på i dag!
Begrensa plassar – sikre deg ein plass og ta steget mot ei sterkare arbeidsgivarmerkevare.
Comments