top of page
Søk

100 millionar til nyskaping i Hardanger og Voss

Forfatterens bilde: Nh-UllensvangNh-Ullensvang

Ein ny milepæl for næringslivet i Hardanger og Voss er nådd med etableringa av Investeringsstiftinga Hardanger Voss og det nye såkornfondet Hardanger Voss-fondet. Fondet, som har ein startkapital på 100 millionar kroner, skal bidra til vekst og nyskaping i regionen.





Eit samarbeid for vekst

Sparebankstiftinga Hardanger står bak initiativet, saman med Ullensvang kommune, Kvam herad, Eidfjord kommune, Ulvik herad, Voss herad og Voss Sparebank. Saman har desse aktørane gått inn med midlar for å etablere eit fond som skal styrke oppstartsbedrifter og vekstverksemder i kommunane Ulvik, Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Voss.

Styreleiar i Sparebankstiftinga Hardanger, Per Berge, understrekar kor viktig dette er for regionen:

"Sparebankstiftinga Hardanger har i mange år ynskt å kunne gjera noko overfor næringslivet, noko me hittil ikkje har kunna gjera på grunn av føremålsparagrafen vår. Me har i tre år arbeidd med ein modell for den nye investeringsstiftinga saman med herada i regionen. Me ynskjer å gjera regionen attraktiv å bu og arbeide i, og me ynskjer å bidra til å skapa nye kompetansearbeidsplassar og auke "gründerkulturen"."


Kapital og kompetanse til regionen

Det nye fondet vil ha hovudfokus på investering i oppstartsbedrifter med vekstpotensial, men vil også kunne bidra til omstilling i eksisterande verksemder og investere i initiativ som gir positive ringverknader for regionen.


Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, har store forventningar til fondet:

"Me er opptekne av å skapa meir i Hardanger, og me har store forventningar til at denne stiftinga skal bidra med både kapital og kompetanse til nye satsingar som kan gje vekst i regionen."


Banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong, påpeikar viktigheita av kapitaltilgang for næringslivet:

"For heile regionen vår vil tilgang på kapital til næringetablering vera avgjerande for nyskaping, vekst og framgang. Investeringsstiftinga vil soleis koma felleskapet til gode på mange vis, både på Voss og i Hardanger."


Eit fond som skal kome raskt i gang

Investeringsstiftinga Hardanger Voss vil til hausten formelt etablere Hardanger Voss-fondet, med eit endeleg investeringsmandat og ein investeringskomité som skal sikre strategisk bruk av midlane. Ambisjonen er at dei første investeringane skal gjennomførast allereie i år.

"Me ser for oss at fondet vil investera hovuddelen av kapital i gründerverksemder med vekstpotensial, ein del av kapitalen vil gå til omstilling av eksisterande verksemder, medan noko av kapitalen vil gå til investeringar i verksemder som gjer ringverknader for regionen," seier Per Berge.


For meir informasjon, besøk www.hardangervossfondet.no eller kontakt styreleiar Per Berge på telefon 916 73 014.

4 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page