Saman om sesongarbeid – reiselivet i Hardanger og Voss står sterkare i lag
- Nh-Ullensvang
- 28. mars
- 2 min lesing

Denne veka arrangerte Visit Hardangerfjord Hardanger Next. Konferansen har blitt eit fast samlingspunkt for reiselivet i Hardangerfjorden. Her blei det tydeleg at framtida for regionen som turistdestinasjon handlar om meir enn fjordar og fjell. Det handlar òg om folk – dei som skaper opplevingane, serverer, guidar og tek imot gjestene. Og akkurat dei er det kamp om.
Under programposten "Saman om sesongarbeid – styrk reiselivet i Hardanger og Voss", peiker vi på ein viktig nøkkel til å løyse utfordringa med sesongrekruttering: samarbeid. Når fleire reiselivsaktørar går saman, kan ein nå ut breiare, tenkje smartare og tilby meir attraktive og samanhengande jobbar til sommarsesongen.
Reiselivet i Hardanger og Voss konkurrerer ikkje berre med kvarandre, men med heile landet – og verda – om arbeidskraft. Samstundes tilbyr regionen noko unikt: eit landskap som folk betalar dyre dommar for å oppleve, og arbeidsplassar der ein faktisk får vere midt i det.
Ved å samarbeide om rekruttering og marknadsføring av sesongjobbar, kan næringa i fellesskap gjere det enklare å tiltrekke seg arbeidskraft. Eit døme er felles plattformer der ledige stillingar blir samla og profilert som ein del av ei større oppleving – ei arbeidssommar i ein av dei vakraste regionane i Noreg.
Mange sesongarbeidarar ønskjer ei heilskapleg oppleving: jobb, bustad, sosialt miljø og fritid. Dette kan reiselivsbedriftene i Hardanger og Voss legge til rette for – men det krev planlegging, fleksibilitet og ein vilje til å dele ressursar og tenkje utanfor eigne bedriftsgrenser.
Frå salen kom det òg viktige påminningar om at rekruttering ikkje berre handlar om å finne rett person til rett jobb – det handlar òg om å finne ein stad å bu. Mange bedrifter opplever at mangel på bustadar for sesongarbeidarar er minst like krevjande som sjølve rekrutteringa. Når bustadspørsmålet ikkje er løyst, kan det føre til uro i drifta og gjere det vanskeleg å halde på folk. Skal regionen lukkast i å byggje eit sterkt og berekraftig reiseliv, må bustad bli ein del av rekrutteringsstrategien – ikkje berre eit ettertanke.
Comments