Corona-rettleiingstjeneste for næringslivet

Næringshagen i Ullensvang tilbyr i samarbeid med Ullensvang kommune og Vestland fylkeskommune individuell rettleiingstjeneste for bedrifter som er råka av covid-19.

Me kan tilby:

  • Rettleiing i kompensasjonsordningar og tiltak for næringslivet

  • Vera ein samtalepartnar

  • Bistand til å søkja på kompensasjonsordningar

  • Økonomisk rettleiing 

  • Rettleiing i marknadsføring og endring av produkt

I samarbeid med Næringshagen i Hardanger og Næringshagen på Voss arrangerer me relevante kurs og arrangement for næringslivet. Desse vert annonsert fortløpande.

For å nytta seg av tilbodet, ta kontakt med Næringshagen i Ullensvang via post@nhullensvang.no eller telefon til
Anna Gursli Langesæter, mob: 958 90 237

Me oppmodnar også til å melda seg inn i facebook-gruppa "Diskusjonsforum for næringslivet i Ullensvang kommune" der det vert lagt ut relevant informasjon for bedriftene, og ein kan stilla spørsmål.

Ny kompensasjonsordning opna 18.jan, via lenka nedanfor kan du lese meir om kva informasjon som kan vera lurt å ha klart til denne søknaden.

Smelteverket 57,
Vestland
+47 536 50 700
Følg oss
  • Svart Linkedin Ikon
  • Svart Instagram Ikon
  • Svart Facebook Ikon