Ventilordninga - nye koronamidlar til næringslivet i Ullensvang kommune

Ullensvang kommune har fått løyva kr 2 100 408 i koronamidlar frå staten som skal gå til å bøta på konsekvensar av nasjonale og lokale smittevernstiltak som følge av koronapandemien.


Meir informasjon om søknadsprosessen for desse midlane, kriterier for tildeling og formalia vert annonsert ila neste veke.


No held kommunen på å koordinera seg mot øvrige kommunar, innhentar innspel og klargjera kriteria for å søkja. Det vil verta søkjing gjennom portalen Regional Forvaltning.


Meir informasjon vert lagt ut på Ullensvang kommune si heimeside - næring. Næringshagen i Ullensvang vil også leggja ut informasjon om ordninga når det er klart. Meld deg på vårt nyhetsbrev (renate@nhullensvang.no) og følg oss på Facebook.


Tidliger sak i Hardanger Folkeblad: https://www.hardanger-folkeblad.no/nye-statlige-kroner-i-koronastotte-til-lokale-bedrifter-sa-mye-far-ullensvang-og-eidfjord/s/5-22-328491?fbclid=IwAR1-RBLVlD7DQ2jhwXtdDKaoAREQUsHuAWPHCQeEp29dlUMQyda9htOTa-8



6 visninger0 kommentarer