Stønad til språkkurs for arbeidsinnvandrarar


Næringsfondet i Ullensvang har innvilga tilskot til å dekkja inntil 2500 kr i eigenandel. Denne ordninga vert vidareført vår 2022.

Døme: Semesterkontingent/kursavgift:

  • 6000 kr + læremateriell

  • Eigenandel 1000 kr for deltakaren (denne ligg fast)

  • 2500 kr bedrift (50 % av resterande kurskontingent)

  • 2500 kr koronamidlar (50 % av resterande kurskontingent)

Læremateriell er ikkje inkludert i ordninga.

Ta kontakt på Vaksenopplæringa i Ullensvang for påmelding til kurs. Det er oppstart 16. februar. Ta kontakt med Anna via e-post anna@nhullensvang.no eller ring 95890237 dersom du vil høyra meir om ordninga.

18 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle