Sol, sjø og samarbeid
- Nh-Ullensvang
- 21. mai
- 2 min lesing
Sommarfesten samla næringslivet i Kvinnherad og Ullensvang

I strålande sol og med Folgefonna i det fjerne møttest over 70 representantar frå næringslivet til sommarfest på Rosendal Fjordhotell tirsdag 20. mai. Arrangementet, eit samarbeid mellom Kvinnherad Næringsservice, Hardanger og Voss Næringshage og Ullensvang Næringshage, kombinerte fagleg påfyll, matopplevingar og nettverksbygging – i ei ramme som minna meir om ein festival enn ein konferanse.
Roar Brekke var konferansier og losa forsamlinga gjennom dagen – krydra med humoristiske innslag som både letta på stemninga og løfta latteren fleire hakk.

Dagen starta med eit innlegg frå Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice, som sette tonen for arrangementet med å løfte fram verdien av godt samarbeid på tvers av kommunegrensene. Dei delte erfaringar frå fleire felles prosjekt og synte korleis samarbeid har gitt konkrete resultat – frå styrka tenestetilbod til felles møteplassar og utviklingsinitiativ som kjem næringslivet i heile regionen til gode. «Vi står sterkare saman,» var bodskapen – og som resten av dagen viste, var dette meir enn berre fine ord.
Sjefsøkonom Kyrre M. Knudsen frå Sparebanken 1 SR-Bank tok deretter ordet, og gav oss eit blikk på framtidas økonomi. Deretter tok ordføra Roald Aga Haug og Vegard Bjørnevik for seg korleis me kan lukkast som ein attraktiv region i 2040, før Leif Einar "Lothepus" Lothe og Martin Heggøy delte innsikt frå etableringa av Camp Lothepus. Grøn Næringspark og Vaage Gartneri følgde opp med framtidsretta og engasjerande innlegg om moglegheiter i regionen.
Etter det faglege programmet tok sommarkvelden over. I hagen vart det servert smakebiter frå Jon Aga og Rosendal Fjordhotell – og medan sola skein vidare, leverte Tuva Lutro stemningsfull livemusikk som sette prikken over i-en.
«Det er akkurat dette vi treng, å bli litt kjende med kvarandre!» sa ein av deltakarane, medan ein annan konkluderte kort og godt: «God stemning, gode folk, dette var gøy.»
Takk til alle som deltok – festen hadde ikkje vore den same utan dykk! Vi gler oss til neste år!
Sjå bildene frå festen her:
Comments