top of page
Søk

Nils Lavik i Hardanger og Voss Næringshage er godkjend Miljøfyrtårn-konsulent

  • Forfatterens bilde: Nh-Ullensvang
    Nh-Ullensvang
  • 20. mars
  • 2 min lesing

Nils Lavik, senior forretningsutviklar i Hardanger og Voss Næringshage, har nyleg blitt godkjend som Miljøfyrtårnkonsulent. Dette betyr at han no kan rettleia og hjelpa verksemder som ynskjer å bli Miljøfyrtårn-sertifiserte.


Det er fleire gode grunnar til å bli Miljøfyrtårn. For det første bidreg det til ein meir berekraftig drift og ein miljømedviten bedriftskultur. Samstundes gjev det eit konkurransefortrinn, då stadig fleire kundar og samarbeidspartnarar legg vekt på miljøsertifisering når dei vel leverandørar. Som sertifisert Miljøfyrtårn-konsulent kan Lavik no hjelpa verksemder med å kartleggje og forbetre sine miljømessige og berekraftige tiltak.

-Miljøfyrtårn er Noregs mest anerkjende sertifiseringsordning for berekraftig drift, og verksemder som oppnår denne godkjenninga viser eit tydeleg engasjement for ei meir ansvarleg og miljøvennleg framtid. Miljøfyrtårn er også ei av dei godkjende sertifiseringsordningane verksemder treng for å kunne gje tilbod til offentlege anbod, seier Lavik.


Miljøfyrtårn-sertifiseringa bidreg til å identifisera potensial for forbetring

-For å bli Miljøfyrtårn-sertifisert må ei verksemd gjennom fleire steg. Prosessen startar med å definera eit kriteriesett tilpassa bransjen verksemda opererer i. Dette kan vere alt frå hotell- og serveringsbransjen til handverksbedrifter som røyrleggjarar og elektrikarar. Deretter vert det gjennomført ei vesentlegheitsanalyse, der verksemda identifiserer områda der dei har størst potensial for forbetring og berekraftstiltak, seier Lavik.

Som ein del av prosessen må verksemda kartleggja fleire faktorar som energiforbruk, avfallshandtering og bruk av kjemikaliar. Like viktig er arbeidsmiljøet, der det vert vurdert om lover og forskrifter knytt til helse, tryggleik og trivsel vert overhaldne.

Tida det tek å oppnå Miljøfyrtårn-sertifisering varierer frå verksemd til verksemd. Storleik, kompleksitet og tilgjengelege ressursar spelar ei stor rolle. Generelt vert det tilrådd at verksemder set av fire til seks månader til prosessen.

-Ein viktig del av arbeidet er å peike ut ein Miljøfyrtårn-ansvarleg og ein assistent i organisasjonen, som saman med ein godkjend Miljøfyrtårnkonsulent sikrar ei smidig gjennomføring av sertifiseringa, utdjupar Lavik.



Klar for nye verksemder som ynskjer å bli sertifisert

Verksemder som ønskjer å bli Miljøfyrtårn-sertifiserte kan ta kontakt med Nils Lavik i Hardanger og Voss Næringshage. Han tilbyr rettleiing gjennom heile prosessen, frå første kartlegging til endeleg sertifisering.

-For dei som vurderer dette, er første steg å avtale eit informasjonsmøte der prosessen vert gjennomgått i detalj. Dette gjev verksemda ei betre forståing av krava og moglegheitene som følgjer med sertifiseringa. Eg ser fram til å hjelpa mange nye bedrifter med dette viktige arbeidet, avsluttar Lavik.



 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Smarte verktøy og ekte engasjement

Fullt hus og etterspel: Engasjementet sat i veggane etter KI-kurs i Odda Bilde generert av KI Fredag 25. april var det duket for minikurs...

 
 
 

Comments


bottom of page