
Den 4. mars 2025 fekk vi høve til å besøke Isklar, der vi fekk ei omvising av Synnøve Underdal, laborant, mikrobiolog og kvalitetskontrollør. Besøket gav eit spennande innblikk i produksjonen av det kjende mineralvatnet og dei innovative prosessane bak.
Ein fabrikk i vekst
Produksjonen ved Isklar er i stadig utvikling, og fabrikken jobbar seg sakte, men sikkert opp mot full kapasitet. Isklar nyttar reint brevann frå ei kjelde på Reisæter, noko som sikrar ein unik og høg vasskvalitet. Fabrikken produserer mange millionar flasker årleg, og drifta går godt.
Med 9 tilsette har Isklar ein fleksibel arbeidsmodell der alle har kompetanse til å overlappe kvarandre ved behov.
Rollene er fordelte slik:
Fabrikksjef
Fire i produksjonen
En på laboratoriet
En vedlikeholdsansvarlig
To på lager
Isklar har investert i automatisering og robotisering av pakkeprosessen, noko som gjer produksjonen meir effektiv. Fabrikken har også plass til ei ekstra produksjonslinje, noko som opnar for vidare vekst i framtida.
Travle tider med nye smakar

Totalt har Isklar 14 ulike variantar, og for tida er det stor aktivitet i fabrikken på grunn av lanseringa av to nye smakar: Aprikos og Grapefrukt. Vi fekk smake – og begge var svært gode! Det blir spennande å sjå korleis dei nye produkta blir tekne imot i marknaden.
Rekruttering og framtidsplanar

Eit viktig tema for Isklar framover er rekruttering. Verksemda står overfor ei utfordring når mikrobiologen i bedrifta skal gå av om to år. Det blir difor essensielt å finne nye talent som kan føre vidare den høge standarden for kvalitetskontroll.
Besøket viste ei bedrift i vekst, med innovativ teknologi og eit sterkt fokus på kvalitet. Isklar er eit godt døme på korleis moderne produksjon og naturlege ressursar kan gå hand i hand for å skape eit produkt i verdsklasse.
Visste du at...
💧 Isklar sitt vatn kjem frå ei naturleg kjelde på Reisæter og er filtrert gjennom isbrear.
🤖 Isklar har robotisert pakkeprosessen for å effektivisere drifta.
🍑 Dei nyaste smakane er aprikos og grapefrukt – og dei smakar fantastisk!
🏅 Som stolt sponsor av Norges Skiforbund var Isklar godt representert under årets VM i Trondheim.
Kommentare